Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVedvik, Merethe
dc.date.accessioned2022-11-02T08:53:01Z
dc.date.available2022-11-02T08:53:01Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3029502
dc.description.abstractTemaet for denne avhandlinga er kva livsmeining, verds- og verkelegheitsoppfatning ein kan finne hos spelarar i dei digitale spelverdene. Stadig større delar av folket nyttar seg av ulike spel i kvardagen, og eg ønskte å studere kva meining og forhold til omverda, ein finn hos spelarar, etter lang tids speling. Eg har nytta kvalitative intervju som metode, og basert forskinga på intervjusamtaler med 4 spelarar, i alderen 30 -37 år. Intervjua vart gjennomført via teams, og opptaka vart transkriberte, koda og kodegrupperte i etterkant. Analyse vart etterfølgt av drøfting av funn. Hovudfunna var dels forventa, og dels uventa. Spelarane såg ingen overordna meining med det å leve, men såg likevel på livet som meiningsfullt. Deira verdssyn var prega av stor tru på vitskaplege svar, og inga tru på krefter eller makter, som styrer vår verd. Spelinga gav meining for dei, på ulike måtar. Det kunne vere som underhaldning, sosial arena, verkelegheitsflukt eller som eit verktøy for terapi. Spelarane viste lite engasjement for politikk, og for deltaking i lokalsamfunnet. Kjensle av annleisheit og avmakt, kan kanskje vere forklaring på større engasjement og deltaking, i den digitale verda. Studien konkluderer med at opplevinga av samfunnets normalitet og låg aksept for annleisheit, kan påverke spelaranes deltaking og engasjement i lokalsamfunnet. Låg samfunnsdeltaking, og endra syn på meining, kan verte ei utfordring for samfunnet på lang sikt.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectgamingen_US
dc.subjectlivsmestringen_US
dc.subjectvirtuelle verdenen_US
dc.titleGaming og meining - livsmeining, verds- og verkelegheitsoppfatning hos spelarar i dei digitale spelverdeneen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Kristendomskunnskap: 152en_US
dc.source.pagenumber93en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel