• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • View Item
  •   Home
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Gaming og meining - livsmeining, verds- og verkelegheitsoppfatning hos spelarar i dei digitale spelverdene

Vedvik, Merethe
Master thesis
Thumbnail
View/Open
9013 Vedvik,Merethe.pdf (937.7Kb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/3029502
Date
2022
Metadata
Show full item record
Collections
  • Masteravhandlinger / Master theses [1256]
Abstract
Temaet for denne avhandlinga er kva livsmeining, verds- og verkelegheitsoppfatning ein kan finne hos spelarar i dei digitale spelverdene. Stadig større delar av folket nyttar seg av ulike spel i kvardagen, og eg ønskte å studere kva meining og forhold til omverda, ein finn hos spelarar, etter lang tids speling.

Eg har nytta kvalitative intervju som metode, og basert forskinga på intervjusamtaler med 4 spelarar, i alderen 30 -37 år. Intervjua vart gjennomført via teams, og opptaka vart transkriberte, koda og kodegrupperte i etterkant. Analyse vart etterfølgt av drøfting av funn.

Hovudfunna var dels forventa, og dels uventa. Spelarane såg ingen overordna meining med det å leve, men såg likevel på livet som meiningsfullt. Deira verdssyn var prega av stor tru på vitskaplege svar, og inga tru på krefter eller makter, som styrer vår verd. Spelinga gav meining for dei, på ulike måtar. Det kunne vere som underhaldning, sosial arena, verkelegheitsflukt eller som eit verktøy for terapi. Spelarane viste lite engasjement for politikk, og for deltaking i lokalsamfunnet. Kjensle av annleisheit og avmakt, kan kanskje vere forklaring på større engasjement og deltaking, i den digitale verda.

Studien konkluderer med at opplevinga av samfunnets normalitet og låg aksept for annleisheit, kan påverke spelaranes deltaking og engasjement i lokalsamfunnet. Låg samfunnsdeltaking, og endra syn på meining, kan verte ei utfordring for samfunnet på lang sikt.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit