Elevar si oppleving av KRLE : ein kvalitativ studie av eit utval ungdomsskuleelevar sine erfaringar med faget og deira oppleving av fagets relevans i kvardagslivet
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3010848Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Temaet for denne studien er opplevinga av verdiane i KRLE-faget frå eit elevperspektiv. Studien sitt føremål har vore å finne ut om elevane opplever faget som relevant for dei i dag i deira kvardagsliv, og korleis dei ser på framtida både i eit personleg og samfunnskontekstuelt perspektiv, utan å fokusere på enkelttimar eller konkrete læringsmetodar.
Det teoretiske grunnlaget mitt bygger på Kåre Fuglseth sine ulike former for møter, og Robert Jacksons fortolkande modell. Med utgangspunkt i kva som kom fram i analysen, har eg undersøkt ulike didaktiske diskusjonar for å setje funna i perspektiv. Hovudsakleg har eg nytta distinksjonane mellom å lære om og å lære av, men også problemet med verdsreligion-paradigmet, og moglegheitene i kvardagsreligion.
Den metodiske framgangsmåten min har vore semistrukturerte gruppeintervju med fire ulike elevgrupper, to ulike stader i Noreg. I analysen har eg nytta abduktiv metode.
Hovudfunnet i denne studien handlar om at lokale strukturar gjev ulikt utslag i erfaringa av opplevd kulturelt mangfald. Trass i at kvardagsreligionen er forskjellig, opplever elevane, begge stadane i landet, at dei i stor grad lærer om religionar og livssyn. Læreplanverket formulerer ideal om respekt og aksept, noko også elevane synest er viktig. Det varierer derimot kor relevant elevane finn teoretisk kunnskap, om dei ikkje får døme på kva måte informasjonen kan nyttast i praksis. Alle informantane ønsker i større grad direkte møter og at faget legg opp til meir utforsking og aktivitet av ulikt slag.
Informantane mine trekk ikkje skarpe skilje mellom kva som er viktige ferdigheiter for individ og samfunn, eller kva som er nyttig for notid og framtid. Verdiane dei trekk fram som viktige kan knytast til dei som er formulerte i læreplanverket, men desse er ikkje nyttige i seg sjølve. Det som er relevant for elevane er øvingane i, og gjennom, direkte møter som dei treng både i kvardagslivet no, og i framtida.