Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLindahl, Anna Aas
dc.date.accessioned2021-08-18T08:32:33Z
dc.date.available2021-08-18T08:32:33Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770013
dc.description.abstractDenne avhandlinga har teke utgangspunkt i følgjande problemstilling: Korleis opplever kristne elevar i vidaregåande skule klasserommet i lys av sin religiøse identitet? For å svara på dette har eg gjennomført semistrukturerte intervju med fem elevar frå vidaregåande skule, som alle sjølv identifiserte seg som kristne. Intervjua tok utgangspunkt i tre forskingsspørsmål: 1) Korleis posisjonerer kristne elevar seg som kristne i klasserommet, og kva kan påverka denne posisjoneringa? 2) Kva tenkjer kristne elevar om læraren si rolle og framferd i klasseromsamtalen der religion er tema? 3) Korleis opplev kristne elevar religionsundervisning, særskilt undervisning om eige livssyn? Teoriperspektivet er i stor grad knytt til Dan Moulin si forsking på, samt teori om religiøs posisjonering og identitetskonstruksjon (Moulin, 2014), i tillegg til Karin Kittelmann Flensner sin doktorgrad om ulike diskursar i religionsundervisning (Flensner, 2015). Funna presentert i denne oppgåva kan i samband med dei teoretiske perspektiva presentert bidra til ei betre forståing for kva opplevingar kristne elevar har av vidaregåande skule, som også er oppgåva si hensikt. Eit gjennomgåande trekk i intervjua var forståinga av klasserommet som ein sekulær stad, der det mest naturlege og nøytrale var at ein hadde eit sekulært livssyn. Mine informantar som altså ikkje har eit sekulært livssyn, hadde alle ulike strategiar for religiøs posisjonering i klasserommet. For å kategorisera desse har Moulin sin typologi for identitetskonstruksjon vorte vidareutvikla, og eg enda opp med tre typar strategiar for religiøs posisjonering; å avsløra sin posisjon, å indirekte posisjonera seg, å skjula sin posisjon. Desse strategiane synast å verta påverka av faktorar som blant anna kva haldningar læraren har, om ein kjenner seg igjen i religionsundervisninga om eigen livssynstradisjon, samt eins eigen personlegdom.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectvideregående skoleren_US
dc.subjectkristen ungdomen_US
dc.subjectKristneen_US
dc.titleKristne elevar i vidaregåande skule : religiøs posisjonering i eit sekulært landskapen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.source.pagenumber88en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel