• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Kristne elevar i vidaregåande skule : religiøs posisjonering i eit sekulært landskap

Lindahl, Anna Aas
Master thesis
Thumbnail
Åpne
5519_Lindahl, Anna Aas.pdf (694.2Kb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2770013
Utgivelsesdato
2021
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Masteravhandlinger / Master theses [1071]
Sammendrag
Denne avhandlinga har teke utgangspunkt i følgjande problemstilling: Korleis opplever kristne elevar i vidaregåande skule klasserommet i lys av sin religiøse identitet? For å svara på dette har eg gjennomført semistrukturerte intervju med fem elevar frå vidaregåande skule, som alle sjølv identifiserte seg som kristne. Intervjua tok utgangspunkt i tre forskingsspørsmål: 1) Korleis posisjonerer kristne elevar seg som kristne i klasserommet, og kva kan påverka denne posisjoneringa? 2) Kva tenkjer kristne elevar om læraren si rolle og framferd i klasseromsamtalen der religion er tema? 3) Korleis opplev kristne elevar religionsundervisning, særskilt undervisning om eige livssyn?

Teoriperspektivet er i stor grad knytt til Dan Moulin si forsking på, samt teori om religiøs posisjonering og identitetskonstruksjon (Moulin, 2014), i tillegg til Karin Kittelmann Flensner sin doktorgrad om ulike diskursar i religionsundervisning (Flensner, 2015). Funna presentert i denne oppgåva kan i samband med dei teoretiske perspektiva presentert bidra til ei betre forståing for kva opplevingar kristne elevar har av vidaregåande skule, som også er oppgåva si hensikt.

Eit gjennomgåande trekk i intervjua var forståinga av klasserommet som ein sekulær stad, der det mest naturlege og nøytrale var at ein hadde eit sekulært livssyn. Mine informantar som altså ikkje har eit sekulært livssyn, hadde alle ulike strategiar for religiøs posisjonering i klasserommet. For å kategorisera desse har Moulin sin typologi for identitetskonstruksjon vorte vidareutvikla, og eg enda opp med tre typar strategiar for religiøs posisjonering; å avsløra sin posisjon, å indirekte posisjonera seg, å skjula sin posisjon. Desse strategiane synast å verta påverka av faktorar som blant anna kva haldningar læraren har, om ein kjenner seg igjen i religionsundervisninga om eigen livssynstradisjon, samt eins eigen personlegdom.

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit