Nord-Irland og det trøblete skulesystemet : ei undersøking av den potensielle påverknaden frå det religiøst segregerte skulesystemet i provinsen prega av ein frosen konflikt
Abstract
I denne oppgåva blir det undersøkt korleis det segregerte skulesystemet påverkar den unge generasjonen som veks opp i ein frosen konflikt i Nord-Irland, ved å arbeide ut i frå problemstillingane: I kva grad har protestantiske, katolske og andre elevar sine syn på seg sjølve og ‘andre’ ein påverknad frå det segregerte skulesystemet og har den religiøse balansen eller ubalansen i skulen noko å seie for vidareføringa av konflikten? Historisk sett har katolikkar og protestantar alltid gått på separate skular i provinsen, men tanken har vore at meir kontakt mellom dei religiøse gruppene har vore naudsynt for forsoning. Gjennom ei kvalitativ undersøking av heimesidene til nordirske skular i samband med ei historisk og teoretisk utgreiing vil det svare til det overordna forskingsspørsmålet og prøve å svare på korleis konflikten held fram med å gå i arv. Funna i denne undersøkinga viser at adressering av religiøs tilhøyrsle frå tidleg alder av er med på å oppdra borna inn i ein segregert kultur. I tillegg presenterer skulane korleis dei skaper ei forståing av stad hjå borna og korleis dei ved å ha eit nøye fokus på disiplin og dette kan ha kulturelle konsekvensar. Denne oppgåva undersøkjer den noverande situasjonen for skulesamfunna i Nord-Irland ved å sjå på ulike framtredande aspekt. Den fokuserer innleiingsvis fram mot analysen på å presentere strukturalistiske fenomen for så å vende fokuset i analysedelen mot det konstruktivistiske ved å sjå på det administrative aspektet ved utdanning, for å forstå korleis skulen har ei påverkingskraft til å drive skiljelinjene vidare.