Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKjærland, Siv Hanne
dc.date.accessioned2019-08-27T09:09:42Z
dc.date.available2019-08-27T09:09:42Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2611135
dc.description.abstractI denne masteroppgåva ser eg på korleis elevar med høgreekstreme haldningar vert møtt i skulen. Forskingsspørsmåla mine er retta mot å avdekke korleis elevar med høgreekstreme haldningar blir møtt, og kva for dilemma som oppstår i dette møtet. Ved å sjå på dette ynskjer eg å avdekke kva for hendingar som skjer i skulen, kvar haldningane til eleven vert vurdert å kome frå, og korleis haldningane og heile eleven vert møtt. For å svare på desse spørsmåla har eg gjennomført kvalitative intervju med tre lærarar og ein informant som arbeider med ekstremismeførebyggjing i politiet. Dei teoretiske perspektiva som er nytta i oppgåva er først ulike definisjonar på kva høgreekstremisme er. Desse er henta frå FN, Tore Bjørgo, og Lars Gule. Vidare nyttar eg Karl Popper sitt toleranseparadoks sett opp mot skuleteoriar frå Christer Mattsson om haldningsarbeid med nynazistiske elevar for å setje lys på ulike innfall til å møte intolerante haldningar. Eg nyttar også Karin K. Flensner og Marie von der Lippe sin artikkel om Safe space i klasserommet for å sjå på rommet for høgreekstreme haldningsutalingar i klasserommet I analysedelen kjem det fram at lærarinformantane tilskriv heimen som ein av årsakene til haldningane elevane dei har møt innehar. Det at vaksne rundt dei har høgreekstreme haldningar, kan dermed føre til ei overføring av desse haldningane. Elles kom det fram haldningar som peika mot etnonasjonalisme, incels, og stønad til meir liberal våpenlovgjevnad for å kunne beskytte seg mot mindreverdege grupper. Opplevingane til informanten i politiet skilde seg ein heil del frå opplevingane til lærarane. Han hadde andre perspektiv på årsaker til haldningane og når ein skulle gripe inn. Lærarane viste sjølve til nokre dilemma som oppsto i deira situasjonar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjecthøyreekstremismenb_NO
dc.subjectskolennb_NO
dc.titleKva er det rom for i norsk skule? : ein kvalitativ studie av korleis elevar med høgreekstreme haldningar vert møtt i skulennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Allmennpedagogikk: 281nb_NO
dc.source.pagenumberVIII, 84nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel