• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • View Item
  •   Home
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Kva er det rom for i norsk skule? : ein kvalitativ studie av korleis elevar med høgreekstreme haldningar vert møtt i skulen

Kjærland, Siv Hanne
Master thesis
Thumbnail
View/Open
5506_Kjærland, Siv Hanne.pdf (2.086Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2611135
Date
2019
Metadata
Show full item record
Collections
  • Masteravhandlinger / Master theses [1256]
Abstract
I denne masteroppgåva ser eg på korleis elevar med høgreekstreme haldningar vert møtt i skulen. Forskingsspørsmåla mine er retta mot å avdekke korleis elevar med høgreekstreme haldningar blir møtt, og kva for dilemma som oppstår i dette møtet. Ved å sjå på dette ynskjer eg å avdekke kva for hendingar som skjer i skulen, kvar haldningane til eleven vert vurdert å kome frå, og korleis haldningane og heile eleven vert møtt. For å svare på desse spørsmåla har eg gjennomført kvalitative intervju med tre lærarar og ein informant som arbeider med ekstremismeførebyggjing i politiet.

Dei teoretiske perspektiva som er nytta i oppgåva er først ulike definisjonar på kva høgreekstremisme er. Desse er henta frå FN, Tore Bjørgo, og Lars Gule. Vidare nyttar eg Karl Popper sitt toleranseparadoks sett opp mot skuleteoriar frå Christer Mattsson om haldningsarbeid med nynazistiske elevar for å setje lys på ulike innfall til å møte intolerante haldningar. Eg nyttar også Karin K. Flensner og Marie von der Lippe sin artikkel om Safe space i klasserommet for å sjå på rommet for høgreekstreme haldningsutalingar i klasserommet

I analysedelen kjem det fram at lærarinformantane tilskriv heimen som ein av årsakene til haldningane elevane dei har møt innehar. Det at vaksne rundt dei har høgreekstreme haldningar, kan dermed føre til ei overføring av desse haldningane. Elles kom det fram haldningar som peika mot etnonasjonalisme, incels, og stønad til meir liberal våpenlovgjevnad for å kunne beskytte seg mot mindreverdege grupper. Opplevingane til informanten i politiet skilde seg ein heil del frå opplevingane til lærarane. Han hadde andre perspektiv på årsaker til haldningane og når ein skulle gripe inn. Lærarane viste sjølve til nokre dilemma som oppsto i deira situasjonar.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit