• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Inkludert eller berre på utstilling? Ei oppgåve om ungdom, diakoni og inkluderande fellesskap

Andersen, Magnhild Nerheim
Master thesis
Thumbnail
Åpne
AVH5070-7001-Nerheim Andersen.pdf (1012.Kb)
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2566042
Utgivelsesdato
2018
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Masteravhandlinger / Master theses [1071]
Sammendrag
I denne oppgåva forsøker eg å gje eit empirisk bidrag til utviklinga av det diakonale omgrepet ”Inkluderande fellesskap”. Med eit enkeltcasedesign, har eg tatt utgangspunkt i gudstenestefellesskapet under Ung Messe i ”Skogen” kyrkjelyd, ein norsk storbykyrkjelyd. Denne kyrkjelyden har over lengre tid arbeida med å ein gong i månaden invitere til Ung Messe søndag klokka 11, i forbindelse med undervisningshelgene til konfirmantane. Desse søndagane er kyrkja full av konfirmantar, ungdomsleiarar og nokre foreldre, i tillegg til dei som deltek på gudstenestene til vanleg. Datamaterialet mitt består av ein observasjon av ei av desse gudstenestene, og intervju med tre av dei som deltok i gudstenesta denne søndagen; presten som leia gudstenesta, ein av ungdommane som deltok med oppgåver, og ein vanleg gudstenestedeltakar.

Som analyseverktøy brukar eg kulturhistorisk aktivitetsteori (CHAT), ein læringsteori som utforskar korleis eit fellesskap saman forhandlar og skapar meining. Under Ung Messe i Skogen møtast to ulike fellesskap, med to ulike mål eller objekt som aktivitetsteorien kallar dette, for å feire gudsteneste ilag, samtidig som dei prøver å skape ei felles meining ut av det som skjer her. Ved å bruke aktivitetsteorien og det tilhøyrande rammeverket av omgrep, så gjev det meg eit analytisk språk for å utforske korleis to møtande fellesskap saman skapar meining og til slutt eit inkluderande fellesskap.

Denne oppgåva blir til sist eit relevant bidrag inn i diakonivitskapens diskusjon om kva diakoni er og bør være, fordi den empirisk utforskar omgrepet inkluderande fellesskap i hovudgudstenesta, kyrkjelydens hovudfellesskap. Dermed kommer denne oppgåva med eit empirisk til den diakonale litteraturen som tidlegare er skrevet om inkluderande fellesskap.

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit