• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Berekraft og rettferd : ein diskusjon av korleis William Cavanaugh og Patrik Hagmans politiske teologi kan bidra til å utdjupe og utfordre økologisk økonomi sin visjon for eit rettferdig og berekraftig samfunn

Dybdal, Marte Martilla
Master thesis
Thumbnail
Åpne
AVH5070-7001-Dybdal.pdf (1.023Mb)
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2472508
Utgivelsesdato
2017
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Masteravhandlinger / Master theses [808]
Sammendrag
Problemstillinga i denne oppgåva er: Korleis kan Cavanaugh og Hagman si forståing av Nattverdens økonomi bidra til å utdjupe og utfordre visjonen økologisk økonomi kan gje for eit meir berekraftig og rettferdig samfunn?

For å svare på problemstillinga har eg henta teori frå økologisk økonomi og politisk postsekulær teologi. Oppgåva er skrevet innanfor rammene for diakonivitskapen. Fokuset er særskild på forsking som er relevant for vern om skaparverket og kamp for rettferd. Desse er sentrale dimensjonar innanfor kyrkjas diakonale oppdrag. Dei faglege perspektiva er i hovudsak henta frå den delen av diakonivitskapen som famnar om systematisk-teologiske problemstillingar.

Metodisk er denne oppgåva å rekne som ei litteraturstudium. Hermeneutiske refleksjonar og tekstanalyse er anvendt for å behandle teorien. I hovudsak handlar oppgåva om å syne korleis ein teori innan samfunnsøkonomi (økologisk økonomi) og ei retning innan postsekulær politisk teologi (nattverdens økonomi) utfyller og utdjupar kvarandre. For å setje rammer rundt den hermeneutiske tolkinga av tekstmaterialet, er drøftinga styrt av tre teoretiske rammeverk. Dei to posisjonane drøftast opp mot kvarandre innanfor dette teoretiske rammeverket. Det fyrste teoriperspektivet er henta frå Michel de Certeau (1925-1986) og han si forståing av strategi og taktikk som framgangsmåtar for sosialendring. Det andre er henta frå teoriar om ulike menneskesyn. Det tredje er henta frå så-kalla utopisk tenking.

Oppgåvas omfang og avgrensa litteratur gjer det ikkje mogleg å gje absolutte konklusjonar. Nokre konkluderande merknadar, basert på drøftinga innanfor det teoretiske rammeverket, er likevel inkludert i oppgåva. Fokuset ligg på nattverdens økonomi sitt bidrag inn i økologisk økonomi. Dette bidraget handlar om ein supplerande framgangsmåte for sosialendring og eit meir nyansert og menneskeleg menneskesyn. I tillegg kan samspelet mellom økologisk økonomi og nattverdens økonomi dra nytte av å vere utopiske på ulike måtar.

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit