Konstantin og ei kyrkje i utvikling : ei utgreiing av Konstantin sitt gudsbilete slik det kjem til uttrykk i kyrkjelege brev i perioden 312-322, og ei drøfting om dette gudsbiletet var ein sameinande faktor i dontiststrida fram til 322
Abstract
Romerriket var eit krigsimperium, styrt av keisarar med stadig ynskje om å ekspandere riket sine landegrenser. Keisarane gjekk i krigen med ein skytsgud som beskyttar, og kravde offentleg tilbeding til denne guden av heile det romerske folk. Kristendomen var ein ny og raskt vaksande religion i riket, og dei kristne nekta å delta i den offentlege kulta. Dermed vart dei skulda då det vart militære nedgangstider, og dei vart etterkvar forfølgt.
I 306 kom keisar Konstantin til makta. Han var den fyrste keisaren som tok ei personleg interesse i kristendomen, og var med på å endre religionen si rolle i samfunnet. Denne avhandlinga tar for seg 8 kyrkjerelaterte brev keisar Konstantin skreiv i tidsperioden 312-322. Ved å analysere omgrepa Konstantin brukte om det guddommelege i desse breva, og med eit bikk på symbolbruk i same periode, gir avhandlinga ei skisse av keisaren sitt gudsbiletet. Det vert vidare drøfta om dette gudsbiletet vart ein sameinande eller splittande faktor i donatiststrida som braut ut i Nord-Afrika etter den siste store forfølginga av dei kristne.
Avhandlinga presenterer materialet som ein historisk narrativ, og gjennom samanlikning av samtidige kristne, romersk-religiøse og sol-relaterte gudtankar, vert det vist ei utvikling i Konstantin sitt gudsbilete. Samfunnet var religionspluralistisk, og keisaren har i starten eit tradisjonelt, relasjonelt tankesett om si rolle i møte med det guddommelege. Det vert gjennom avhandlinga klart at det som er nye element i den kristne religionen smittar over på keisaren, og i 322 har han gått frå ein klar kollektiv tanke til det meir private. At han endrar gudsbilete, fører også til at Konstantin endrar sin sameinande rolle i kyrkja i løpet av perioden.