Inkarnasjon som transformasjon og relasjon : ein analyse av korleis Niels Henrik Gregersen forstår djup inkarnasjon
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3121439Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva analyserer ‘djup inkarnasjon’ slik Niels Henrik Gregersen forstår omgrepet. Den er basert på eit materiale Gregersen har skrive frå 2001 til 2021, viser korleis han har utvikla omgrepet og bidrege til teologisk utvikling av fleire dogme.
Problemstillinga for denne oppgåva kan formulerast på følgjande måte: «Kva inneber Niels Henrik Gregersen si forståing av inkarnasjon som ‘djup inkarnasjon’? På denne bakgrunnen drøftar oppgåva kva ei slik forståing kan bety for andre teologiske tema og for korleis me lever våre liv. Dette er ei teoretisk oppgåve som nyttar tekstanalyse som metode for å finna ut kva Gregersen meiner med inkarnasjon.
Først var føremålet til Gregersen å differensiera liding i verda, for både menneske og andre vesen, frå tanken om at det enten var resultat av synd eller Gud si rettmessige straffer, ved å erkjenna at liding, sjukdom og død var eit fakta, milliardar av år før noko liv var medvitne om dette. Liding høyrer til naturlege prosessar som evolusjon, ikkje moral.
I den utviklande fasen, vart omgrepet meir formande for anna teologi. Samstundes vart det skilt frå panteisme. Gud er ikkje inkarnert i alt i tydinga identisk med skaparverket. Gud er, gjennom Ordet, nærverande med og for alt som er. Det betyr at frelse er ein pågåande prosess og at den ikkje er avgrensa til kristne eller menneske som art.
Gregersen viser i seinare år, korleis djup inkarnasjon kan bidra til ei forming av menneske sin identitet og sjølvkjensla. Der ein som grunnleggande knytt til ein kjærleg og empatisk Gud, og med ein fleksibel identitet, kan evna å sjå seg sjølv som foreint med sine omgjevnader på ein måte som får konsekvensar for våre relasjonar til både andre medmenneske og naturen.
Dommedag med sanning og Gud sin kjærleik, kan her og no føra til fred både i folk og natur.