Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBarsnes, Eirik Baug
dc.date.accessioned2023-06-08T07:23:54Z
dc.date.available2023-06-08T07:23:54Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3070453
dc.description.abstractMålet for avhandlinga er å utføre ein resepsjonshistorisk analyse av nokre tidlege resepsjonar av Genesis 10, altso Noa sine søner sin tolledot. I oppgåva lener eg meg på eit vidt utval av moderne kommentarlitteratur, samt eit utval resepsjonar. I avhandlinga ser eg på Gen 10 i Septuaginta, Josefus sitt verk "Jewish Antiquities", Targum Neofiti og Targum Pseudo-Jonatan. For analysen nyttar eg Brennan Breed sin metode for resepsjonshistorisk analyse, som han gjer greie for i boka "Nomadic Text, a theory of biblical reception history." Breed opnar ein romslegare og meir dynamisk oppfatning av ein bibelsk tekst, samt av resepsjonshistorie som eit fagfelt. Avhandlinga ynskjer å vere eit døme på ei analyse etter denne metoden, samt å understreke nokre problem med ein meir tradisjonell historisk-kritisk tilnærming. I avhandlinga gjer eg greie for dei ulike resepsjonane sitt vesen og kontekst, samt kva som pregar deira attgjeving av Gen 10. Eg brukar dette saman med det eg finn frå moderne kommentarlitteratur, til å teikne opp eit avgrensa forslag til teksten sin virtuelle kapasitet eller meiningspotensial, og for å sjå kva som går att i lesinga av denne teksten, og kva som skil dei forskjellege resepsjonane. På bakgrunn av arbeidet mitt legg eg fram eit forslag til teksten sin kapasitet. Dette viser ein mangslungen måte å forstå og tolke teksten. Eg slår òg fast at det som er sentralt i forståinga av teksten er forståinga av at namna er eponym som viser til stader og folkeslag. Soleis viser eg til ein lang tradisjon med å tolke desse namna og forklare dei i si eiga tid og kontekst, og at det som hovudsakeleg skil resepsjonane er nettopp deira kontekst.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectFørste Moseboken_US
dc.subjectFortolkningen_US
dc.titleKor er Torgama? : ein resepsjonshistorisk analyse av Genesis 10en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber93en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel