Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorWang, Tobias
dc.date.accessioned2023-03-29T10:13:15Z
dc.date.available2023-03-29T10:13:15Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3060840
dc.description.abstractJoseph Blenkinsopp (1927–2022) utarbeidde ein sekthypotese der han såg ein samanheng mellom Esra, Tritojesaja og Qumran-samfunnet. Sekthypotesen har okkupert eit slags ingenmannsland i faget, der han har halde seg gåande i lang tid, utan eigentleg å bryte gjennom i GT-forskinga. Målet med denne masteroppgåva har vore å gje ei grundig, samla og kritisk vurdering av sekthypotesen. Det har eg gjort med å vurdere det eg har identifisert som fire kjerneelement i sekthypotesen: (§ 1) Ei gruppe i og bak Jesaja 56–66 er på kant med tempeleliten i Jerusalem på grunn av si profetisk-eskjatologiske tru; (§ 2) Haḥarēḏîm i Esra 9–10 og Jes 66,1–6 viser til den same gruppa; (§ 3) Gruppa har tydeleg sekteriske trekk; (§ 4) Gruppa er protoqumransk. Gruppa i Jes 65–66 er truleg på kant med tempeleliten. Det var dei på grunn av jahvismen sin. Jahvismen deira var eskjatologisk, men me har ikkje dekning for at eskjatologien var stridsmål. I Esra viser ikkje haḥarēḏîm til noka distinkt gruppe. I Jesaja har det meir for seg å sjå ḥārêḏ som ein karakteristikk enn som ei særs nemning. Når sekthypotesen argumenterer for at gruppa er sekterisk, blandar han saman element frå grupper som ikkje har noko med kvarandre å gjere. Alle samband mellom den påståtte gruppa og Qumran-samfunnet må ikkje forståast suksessivt, altså at der er ei linje med suksesjon frå den påståtte gruppa og ned til Qumran-samfunnet, men repetitivt, altså at ulike grupper har lese og tolka Jesaja-boka til ulike tider på måtar som liknar kvarandre. Dette punktet held stand, men må lesast for det det er.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectBlenkinsopp, Joseph, 1927-2022en_US
dc.titleBlenkinsopps sekthypotese : ei kritisk vurderingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber64en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel