Korleis det mennesklege og guddomelege kan møtas : gjennom lengsel, sjølverkjenning og kontemplasjon
Abstract
Tema og problemstilling for denne oppgåva er korleis det mennesklege og guddomelege kan møtas i kontemplasjonen. For å belyse dette har eg tatt utgangspunkt i tekstar av Wendy Farley. Metoden er tematisk innhaldsanalyse. Det som har utkrystallisert seg som sentrale tema her har gitt meg relevant stoff til å søkje å svare på følgjande tre forskingsspørsmål: Korleis kan lengsel og begjær vere ei drivkraft til transformasjon? Korleis kan sjølverkjenning vere ein del av transformasjonen? Korleis kan kontemplasjonen hjelpe oss til å kjempe for rettferd og skaparverket?
Hjå Farley er frelsa og omvendinga knytta til ein prosess der hjarta blir transformert. For å bruke bibelske termer kan ein seie at det handlar om å få eit kjøthjarta istadenfor steinhjarta. Målet er auka medkjensle og kjærleik og at me skal forstå at me lever i ein djup samanheng med resten av skaparverket. Lengselen og begjæret kan hjelpe oss her. For Farley er dette knytta til gudbilledligheten i oss. Ein kjerne i dette er å ville gi seg sjølv fullt og heilt for den andre. Eros og inkarnasjonen gir oss inspirasjon til dette. Me er kalt til å leve i ein kjærleiksrelasjon med Gud og skaparverket. Farley viser altså at agape ikkje treng å vere menneskehjarta framandt, og søkjer å minske dualismen mellom Gud og menneske. Samstundes er realiteten at me menneske ofte styras av eit egoistisk begjær. Derfor må lengselen og begjæret i oss transformeras slik at han blir i eitt med den guddomelege.
Kontemplasjonen, som handlar om ein medvitsprosess der me kan trekkje inn heile livet, gjev den nødvendige ramma for at hjarta kan transformeras og få berekraft. Saman med bøn står sjølverkjenning, andeleg øving, dyder og psykologiske reiskapar sentralt for å fasilitere transformasjonen. Dette synes å bryte med luthersk teologi der ein avviser ein menneskleg innsats for frelsa og transformasjonen. Derfor vil sistnemnde utgjere ei kritisk «motstemme» i drøftinga mi. Konklusjonen min er likevel at Farley sin teologi kan vere ein viktig fasilitator for omvendinga. Ho bidrar, etter mitt syn, til å gjere nåden større og meir tilgjengeleg og syner oss samspelet og foreininga mellom det mennesklege og guddomelege.