Show simple item record

dc.contributor.authorNordeide, Knut
dc.date.accessioned2022-03-09T07:40:01Z
dc.date.available2022-03-09T07:40:01Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2983874
dc.description.abstractI denne avhandlinga spør eg kvifor og korleis Paulus i Romarbrevet argumenterer for å vareta premissen om Guds rettferd i evangeliet sitt. Spørsmålet er avgrensa til å primært utforske Guds som dommar og dei forensiske aspekta av rettferd i denne samanhengen. Eg arbeider retorisk-eksegetisk med Rom 3:5-8 og kapittel 9-11, ettersom Paulus begge stader ytrar falske konklusjonar om Guds urettferd (3:5 og 9:14). I tillegg vert 3:21-26 og 8:1-4 inkludert i analysen, slik eg tolkar tekstane som sentrale tekstar i forståinga av Paulus sitt syn på Guds rettferd. For å svare på kvifor, arbeider eg med dei diatribiske utvekslingane i hovudtekstane mine, og forsøker å identifisere kvar innvendingane kjem frå og kva dei bygger på. I spørsmålet om korleis, ser eg på måten argumentasjonen er strukturert og korleis dei ulike delane av brevet fungerer saman. Her kjem Paulus inn på ei rekke tema, deriblant forholdet mellom Guds partikulære løfte til Israel og omfamninga av heidningar som sitt folk, Gud som upartisk dommar over alle, betydinga av Kristi forsoning som eit offer i tråd med pakta, Guds utveljing som reversering av verdiar, Paulus si forståing av lova og rettferdiggjering som ei inkongruent nyskaping av moralske vesen kongruent med dommen. Eg konkluderer med at innvendingane mot Paulus sitt evangelium består i ei blanding av reelle skuldingar frå motstandarar og samtalar Paulus sjølv konstruerer, for å pedagogisk kunne forsvare sine påstandar. Å tilbakevise misforståingar og hevde evangeliet sitt sanningsinnhald er avgjerande for Paulus sin misjonsverksemd. Eg meiner også Paulus i alle dei ovanfornemnte temaa på samanhengande vis argumenterer for Guds rettferd, og at rettferdsspørsmålet derfor kan seiast å ha ei prominent rolle i Romarbrevet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectRomerbreveten_US
dc.subjectPaulus, apostelen_US
dc.titleEr Gud urettferdig? Langt ifrå! Ein retorisk analyse av Paulus sitt forsvar av Guds rettferd i Romarbreveten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber74en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record