Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRoaldsnes, Anne-Helen
dc.date.accessioned2021-08-18T12:14:49Z
dc.date.available2021-08-18T12:14:49Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770102
dc.description.abstractTema for oppgåva er dåpsteologi i dåpssamtaler. Som kateket i Den norske kyrkja møter eg mange nybakte foreldre som kjem til kyrkja med barna sine. I dåpssamtalane er dåpsteologi er eit av kulepunkta som skal gjennomgåast, men denne kommunikasjonen er utfordrande. Med min eigen praksiserfaring som bakgrunn vil eg fordjupe meg i dåpsteologi. Kva ønskjer vi å formidle av dåpsteologi til foreldra i dåpssamtalen? Problemstillinga mi er følgande: Kva er viktigast å formidle teologisk med dåpsforeldre i dag? Ei drøfting med henblikk på praksis som tar utgangspunkt i to nyare framstillingar av dåpsteologi. Eg har to forskingsspørsmål: Korleis kan tradisjonen med å døype barn seiast å vere ein orienteringsressurs for dåpsforeldre i dag? På kva slags måte bidreg teologien til å framstille dåpen som noko som involverer ein form for transformasjon, forstått som vekst, utvikling og endring? Materialet mitt er Harald Hegstads Dåpen - en nådens kjelde (Verbum Akademisk 2019) og tre publikasjonar av Kirsi Stjerna: Den vesle boka No greater jewel. Thinking about Baptism with Luther (Augsburg Fortress 2009), artikkelen Seeking Hositable Discourse on the Sacrament of Baptism (Dialog: A Journal of Theology 2014) og Stjerna si nyaste bok Lutheran Theology- A Grammar of Faith (t&t clark 2021) . Stjerna fokuserer på korleis dåpen er ei sanseleg og personleg påminning om nåde frå Gud. Gud som ikkje berre skaper og frelser, men som held alt oppe. Dåpen er noko fysisk ein held fast ved, vatn som ein har erfart med kroppen. Hegstad og Stjerna seier begge at Den heilage ande blir gjeve som gåve i dåpen. Medan Hegstad betoner at dette kan vise seg svært ulikt og handlar ikkje om i kva grad ein er fylt av Den heilage ande snakkar Stjerna om spiritualitet i oppløftande vendingar, om ressursane som ligg i dåpen for alle ved Heilaganden- om kraft til forandring. I høve kva som er viktigast å formidle teologisk med dåpsforeldra må det gjerast ei prioritering i kva ein vil vektlegge. Eg har utifrå drøftinga av framstillingane til Hegstad og Stjerna peika på to moment eg finn viktigast i min brukskontekst; Dåpens vatn og Den heilage ande sine gåver, og korleis denne samtalen kan skje med henblikk på praksis.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectDåpsteologien_US
dc.titleKva er viktigast å formidle teologisk med dåpsforeldre i dag? : ei drøfting med henblikk på praksis som tar utgangspunkt i to nyare framstillingar av dåpsteologien_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber36en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel