Nye moglegheitsrom i koronatid?
Abstract
Denne masteroppgåva set søkjelyset på korleis diakonane i Den norske kyrkje erfarer moglegheitsrom i profesjonspraksisen. I Plan for diakoni og vedtak i sentrale organ verkar Den norske kyrkja å plassera diakonien og diakonar med omsorga for kvarandre og skaparverket i senter av kyrkja. På ei anna side viser empirisk forsking at det finnes spenningar mellom dette og korleis diakonar erfarer rommet for det diakonale arbeidet. Rett etter eg byrja arbeidet med masteroppgåva, og hadde fatta interesse for praksisteori som aktuelt teoretisk perspektiv, kom koronapandemien. Praksisteori er brukt for å setje lys på kva endringar i rutinar i diakonane sin profesjonspraksis under koronapandemien kan ha betydd for strukturen i praksisen. Problemstillinga er: Korleis erfarte diakonar i Den norske kyrkja moglegheitsrom i sin profesjonspraksis under koronapandemien våren 2020, sett i lys av spenninga mellom profesjonen skildra som sentral og marginalisert?
For å svare på problemstillinga gjorde eg ein empirisk case- studie med delvis- strukturerte kvalitative forskingsintervju som metode. Praksisteori er teoretisk rammeverk på eit overordna nivå. Vidare i det teoretiske rammeverket nyttar eg Paavola og Hakkarainen sin teori om kunnskaping, Tjora si utgreiing om fellesskap, Afdal si modifiserte utgåve av Wertsch sitt syn på eigenskapar ved mediert handling, og Nygaard si empiriske forsking på diakonar sin profesjonspraksis.
Viktig for utvikling og moglegheitsrom i praksisar er samhandling og betydninga reiskapar har for samhandlinga. Desse vekene under koronapandemien med endring av rutinar og bruk av nye reiskapar, eller reiskapar brukt på nye måtar, verkar å ha gitt diakonane eit utvida repertoar og erfaringar av større moglegheitsrom enn før koronapandemien. Det er likevel også nye hindringar, som til dømes å ikkje kunna møta kvarandre. Dette er særleg tydeleg i stabsfellesskapet. Stabsfellesskapet peikar seg ut med flest hindringar før koronapandemien, men også med flest opnarar og ulike typar reiskapar i desse opnarane for moglegheitsrom i diakonane sin profesjonspraksis våren 2020 under koronapandemien.