• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Olavs openberring : ein teologisk analyse av Draumkvedet

Jerald, Ivar Joakim
Master thesis
Thumbnail
Åpne
1010_Jerald, Ivar Joakim.pdf (1.321Mb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2683153
Utgivelsesdato
2020
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Masteravhandlinger / Master theses [1256]
Sammendrag
Innleiingsvis formulerer eg denne overordna problemstillinga: Kva omhandlar Draumkvedet sett frå eit teologisk synspunkt? Deretter formulerer eg fire underordna problemstillingar:

1) Kva er teologi, nærmare bestemt systematisk og topisk teologi, og korleis kan eg sjå på Draumkvedet frå desse innfallsvinklane?

2) Kva for eit draumkvede bør eg analysere?

3) Kva kan litteratur- og kulturhistoria fortelje om Draumkvedet?

4) Kva særmerker Draumkvedet med omsyn til dei teologiske temaa eskatologi og teologisk epistemologi?

Den faglege tilnærmingsmåten er teologisk, det vil seie at han bygger på teologien, nærmare bestemt den systematiske teologien. Den teoretiske tilnærmingsmåten, derimot, er topisk, noko som tyder at han er tufta på den topiske teologien. Dessutan er den såkalla analysemetoden hermeneutisk, det vil seie at han bygger på hermeneutikken, nærmare bestemt den teologiske hermeneutikken. Konklusjonen av drøftingane må bli at Draumkvedet framstiller det som om menneskelivet er hovudsakleg eskatologisk, det vil seie vendt mot dei siste ting, særleg dommen. Likevel er utfallet av dommen lagt i Guds hender. Rettnok går det for seg ein kamp mellom gode og vonde makter, men det er tydelegvis ingen stor fare for fortaping. Dette universet tilhøyrer derfor Gud ifølgje Draumkvedet.

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit