Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSalmelid, Martha
dc.date.accessioned2019-10-07T10:48:04Z
dc.date.available2019-10-07T10:48:04Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2620622
dc.description.abstractTeori: Rizzuto (1979) viser gjennom si forsking kor gudsbilete frå eit religionspsykologisk perspektiv kjem frå. Ho viser også ein tydeleg samanheng mellom gudsbilete, foreldrebilete og sjølvbilete. Denne oppgåva er skriven frå eit sjelesørgerisk perspektiv. Blant anna gjennom Engedal (2000) ser ein kva teologi som ligg bak sjelesorga. Faglitteratur viser korleis ein kan møte problematikk knytta til gudsbilete og sjølvbilete gjennom sjelesorgsamtalar. I tillegg viser faglitteratur ein skilnad på det kognitive og det emosjonelle gudsbiletet (Landro, 2015). Problemstilling: Korleis påverkar gudsbilete eins sjølvbilete, og korleis kan ein sjelesørgar bruke denne kunnskapen i sjelesorgsamtalar? Metode: Det er brukt kvalitativ metode med intervju. Det blei inkludert åtte informantar; fire tidlegare deltakarar på kurset «Hjertefokus», to diakonar, ein prest og ein psykoterapeut. Intervjua blei transkribert, analysert og koda. Eg valte då fem tema som gjekk att i intervjua: 1) Gudsbilete til hjelp eller plage 2) Endring av gudsbilete gjennom kurset «Hjertefokus» 3) Endring av sjølvbilete gjennom kurset «Hjertefokus» 4) Kva som skapte endring i gudsbilete eller sjølvbilete gjennom kurset «Hjertefokus» 5) Sjølvbilete, foreldrebilete og gudsbilete – ein samanheng? Konklusjon: Oppgåva viser at negative gudsbilete kan føre til dårlege sjølvbilete. Ved ei endring av negative gudsbilete til meir positive, vil dette også påverka sjølvbileta positivt. Sjølvbileta til Hjertefokus-informantane blei prega av både foreldrebileta deira og gudsbileta deira. Det er vanskeleg å skille desse tre frå kvarandre. Oppgåva viser også at ei bevisstgjering av ubevisste gudsbilete kan vere endringsskapande for sjølvbiletet, men der det kognitive og det emosjonelle gudsbiletet blir eitt, ser dette ut til å vere enda meir endringsskapande for sjølvbiletet. Kunnskapen om korleis gudsbilete påverkar sjølvbilete kan blant anna brukast til å utforske gudsbilete i sjelesorg, og det kjem fram konkrete forslag til korleis ein kan gjere dette.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectgudsbildenb_NO
dc.subjectselvbildenb_NO
dc.subjectsjelesorgnb_NO
dc.titleGudsbilete sin påverknad på sjølvbilete – og betydinga av dette i sjelesorgsamtalar : ei empirisk undersøking med utgangspunkt i endring av gudsbilete og sjølvbilete gjennom kurset «Hjertefokus»nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151nb_NO
dc.source.pagenumberVI, 76nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel