Lokale trusopplæringsplanar: kva er objektet i lokale planar for trusopplæring?
Abstract
Denne masteravhandlinga ser nærare på motivasjonen i lokale trusopplæringsplanar. Det er valt ut to lokale planar frå kyrkjelydar i Oslo kommune. Oppgåva er ein kvalitativ komparativ innhaldsanalyse av desse to planane. Med utgangspunkt i CHAT – modellen, også kjent som Aktivitetsteori, søker avhandlinga å finne objekta i planane, og kva kulturelle reiskap som vert teken i bruk for å fremje desse. Dei ulike objekta som vert funne i planane vert drøfta, samt koherensen mellom objekt og kulturelle reiskap som vert nytta for å fremje desse.