Show simple item record

dc.contributor.authorDyrkolbotn, Tone Marit Håland
dc.date.accessioned2017-03-02T15:25:05Z
dc.date.available2017-03-02T15:25:05Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2432818
dc.description.abstractI motsetnad til dei tre synoptiske evangelia, Matteus, Markus og Lukas, talar ikkje Johannesevangeliet direkte om nattverd. Kvifor er det slik? Er ikkje nattverd relevant i Johannesevangeliet? Eller kjem det fram på andre måtar? Denne avhandlingsoppgåva har fått følgjande problemstilling: ”Jesus som livets brød i Johannesevangeliet: nattverd?” Tanken bak problemstillinga er å dukka djupare inn i Johannesevangeliet, og då særleg Johannes 6, for å forsøka å finna ut kva forfattaren av evangeliet meiner med Jesus som livets brød. Kan det verta tolka som nattverd? Det vert nytta mykje ulik litteratur for å sjå på denne problemstillinga. Kommentarar frå Moloney1, Keener2, Byars3 og Beasley-Murray4 vil særleg vera viktige for sjølve eksegesen, men samstundes vil Koester5 og Culpepper6 vera viktige stemmer i møtet med Johannesevangeliet som heilskap. For å arbeida med problemstillinga og Johannesevangeliet på ein god måte har eg vald narrativ metode. Grunnen til det er at Johannesevangeliet består av fleire narrativ, symbolske narrativ, og dette vil vera viktig for å forstå og behandla oppgåva, og for å forhåpentlegvis klara å koma fram til ein konklusjon på problemstillinga. Det er ikkje ei problemstilling som får eit klart svar, men konklusjonen vil landa på at Johannesevangeliet ikkje skriv konkret om nattverd, slik synoptikarane gjer og slik me kjenner sakramentet i tradisjonen. Det Johannesevangeliet gjer er å framstilla Jesus som livets brød, som fullendinga, det sanne og uforgjengelege brødet som kjem med evig liv. Slik gjev Johannes 6 meining i- og kan støtta opp om eit nattverdsspørsmål.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectjohannesevangelietnb_NO
dc.subjectnattverdnb_NO
dc.subjectJesus Kristusnb_NO
dc.titleJesus som livets brød i Johannesevangeliet: nattverd?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151nb_NO
dc.source.pagenumber59nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record