Saman for Guds ansikt? Ein analyse av Den norske kyrkja si «Ordning for hovudgudsteneste» i lys av omgrepet eksistensiell isolasjon
Abstract
I denne avhandlinga gjer eg ein tematisk analyse av dokumentet «Ordning for hovedgudsteneste» i Den norske kyrkja. Problemstillinga er: Korleis blir erfaring av eksistensiell isolasjon tematisert i Den norske kyrkja si liturgiske ordning for hovudgudsteneste? Kva for teologiske ressursar tilbyr liturgien i møte med denne erfaringa?
Avhandlinga er skriven innanfor systematisk teologi, og grensar samtidig til fagfelta praktisk teologi og religionspsykologi. Den metodiske tilnærminga ligg i skjæringsfeltet mellom teoretisk og empirisk, fordi liturgien kan definerast som empirisk materiale.
Hovudteorien min er Irvin Yalom sin teori om fire eksistensielle grunnvilkår frå Eksistensiell Psykoterapi (1980/2011). Som støtteteoriar har eg med Jan-Olav Henriksen sin teologiske antropologi frå Imago Dei (2003) og Paul W.Jones sin funksjonelle teologi frå Theological Worlds (1989) Støtteteoriane bidreg til ei teologisk fortolking av ekistensiell isolasjon.
Hovdfunna i analysen er:
1) Liturgien brukar liten plass på å skildre dilemma, og stor plass på å skildre forløysing
2) Erfaring av eksistensiell isolasjon blir ofte implisitt tematisert i liturgien
3) Liturgien legg større vekt på menneskeleg avhengnad enn på menneskeleg ansvar
4) Liturgien gjev større legitimitet til «førestellinga om den endelege frigjerar» enn «trua på personleg særeigenheit»
Drøftinga tar først for seg punkt 1 og 2 saman, og deretter punkt 3 og 4. Mine konklusjonar er: Sjølv om liturgien sjeldan tematiserer erfaring av eksistensiell isolasjon eksplisitt, tilbyr den teologiske ressursar til forløysing frå denne erfaringa. Døme på slike ressursar er menneskesynet med vekt på avhengnad og relasjonalitet, og bønene om forløysing frå isolasjon. Liturgien har færre teologiske ressursar som set ord på sjølve erfaringa av eksistensiell isolasjon. Eg argumenterer for at ei meir eksplisitt tematisering av denne erfaringa vil gjere liturgien meir relevant for menneske som kjenner seg åleine i verda. Samtidig må liturgien tilby forløysing ved å halde fast på at mennesket aldri er åleine.