«Does God really speak our own language?» : ei kvalitativ undersøking av bibelsamhandling med morsmålsomsetjingar i Etiopia
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3181109Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteravhandlinga er ei kvalitativ studie som undersøkjer bibelsamhandling med morsmålsomsetjingar av Bibelen i Etiopia, og korleis ein bør arbeide med bibelomsetjings- og bibelsamhandlingsarbeid på eit meir overordna nivå. Avhandlinga har to problemstillingar, der den første problemstillinga er:
Kva legg til rette for og kva er til hinder for bibelsamhandling med biblar omsett til minoritetsspråk i Etiopia og korleis reflekterer bibelomsetjings- og bibelsamhandlingsarbeidarar rundt eigen motivasjon for arbeidet mot at menneske skal ha tilgang til Bibelen på morsmålet sitt?
For å svare på denne problemstillinga har eg gjort fire semistrukturerte forskingsintervju av menneske som arbeider med bibelomsetjing og bibelsamhandling i Etiopia. På bakgrunn av intervjumaterialet identifiserer eg i analysekapittelet åtte faktorar som legg til rette for, og åtte faktorar som er til hinder for bibelsamhandlinga i Etiopia. Desse faktorane omhandlar til dømes samarbeid med lokale kyrkjer, lese- og skriveopplæring og mangel på ønskje om å nytte den omsette Bibelen. I tillegg presenterer eg informantane sine refleksjonar rundt sin eigen motivasjon for å arbeide med dette temaet. I drøftingskapittelet ser eg funna frå denne første problemstillinga i lys av Dye sin modell «The Eight Conditions of Scripture Engagement» og studiar tilsvarande min eigen, for å svare på problemstilling nummer to:
Kva kan faktorane som legg til rette for og hindrar bibelsamhandling i Etiopia i dag fortelje oss om korleis ein bør arbeide med bibelomsetjings- og bibelsamhandlingsarbeid på eit meir overordna nivå?
Resultatet av denne drøftinga er at eg i drøftingskapittelet legg fram åtte område eg meiner er avgjerande for bibelsamhandlingarbeid, ikkje berre i Etiopia, men alle stader der ein arbeider med bibelsamhandling og bibelomsetjing til minoritetsspråk. Desse områda er til dømes lokalt eigarskap, nedvurdering av morsmål, og materielle faktorar. At dei materielle faktorane er så viktig er det funnet frå studien min som skil seg mest frå eksisterande forsking.