Prestar og diakonar som ressurs for skulen når barn og unge er i sorg
Abstract
Studier viser at ein del barn og unge erfarer mangelfull støtte etter dødsfall. Dette kan knytast til forhold i heimen, men også til korleis andre arenaer der barn og unge lever liva sine klarar å møte den enkelte si sorg. Faglitteratur som avspeglar kor viktig det er at barn og unge får støtte frå omgjevnadene, og korleis slik støtte kan uttrykkjast konkret, dannar det teoretiske grunnlaget for oppgåva. Teorien peikar på den viktige støtta i næraste familie, men også på andre arenaer, som til dømes skulen og kyrkja.
Masteroppgåva fokuserer på utfordringar som knytast til skulen si oppfølging av barn og unge i sorg, og i kva grad skulen nyttar kyrkja sine diakonale kompetansar i oppfølginga. I problemstillinga har eg spurt; Korleis erfarer eit utval prestar og diakonar at deira kompetansar vert nytta som ressurs i skulen sitt arbeid for elevar som opplever tap i nære relasjonar? I arbeidet har eg nytta kvalitativ metode, og gjennomført semistrukturerte intervju med diakonar og prestar som informantar.
I studien kom det fram at diakonar og prestar ynskjer å vere tilgjengelege for skulen, og for barn og unge i sorg. Dei opplever å bli brukt som ressurs i skulen sitt sorgarbeid, men at det skjer i varierande grad. Under intervjua kjem det også fram at kyrkja kan gjere meir for å bli synlege som ressurs for skulen. Sentralt her er å byggje gode relasjonar med dei lokale skulane før krisene oppstår, slik at ein har opparbeidd tillit og kunnskap om kvarandre når krisene skjer.
Oppgåva avsluttar med eit utblikk på forbetra diakonal praksis gjennom å byggje systematiske nettverk rundt barn og unge i sorg, og at stabar nyttar sine diakonale ressursar betre inn mot skulen sitt sorgarbeid.