Show simple item record

dc.contributor.authorStraume, Ingvald
dc.date.accessioned2021-03-22T08:55:12Z
dc.date.available2021-03-22T08:55:12Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2734681
dc.description.abstractDette er eit litteraturstudium over Joh 21:1–15, der eg i første omgang les teksta bokstaveleg, som ei realistisk forteljing om ein fisketur. I neste omgang ser eg etter om det kan vere element i forteljinga som kan eller bør tolkast symbolsk. Eg undersøker om denne lesemåten er nyttig for å forstå Simon Peter som karakter. Etter ei innleiande drøfting, i kapittel 2, der eg klårgjer grunnlaget for gjennomgangen av sjølve teksta, går eg laus på teksta, så å seie vers for vers, i eksegetisk form, i kapittel 3. Tilnærminga er dels tekstsentrert, og dels lesarsentrert i det eg spør etter korleis teksta opphave-leg kan ha blitt tolka. Eg har granska ord og uttrykk i den greske grunnteksta (mGNT) for å kome nærare meiningar som vi kan tru at dei første lesarane har oppfatta. Eg støttar meg på og går i dialog med nokre fagfolk som har studert Johannesevangeliet og karakteren Simon Peter, i det eg også inkluderer perspektiv frå forskarar som har undersøkt tilhøve utanom det reint litterære, som kan kaste lys over Joh 21:1–15 forstått som ei røyndomsforteljing. Sentrale her er Mendel Nun (1918 – 2010), som har skrive om fiske og fiskemetodar, og John S. Kloppen-borg som har skrive om handel, økonomi, politikk og samfunnstilhøve, i Galilea i det første hundreåret. Forsøksvis nyttar eg same metode som Cornelis Bennema kallar «A combination of narrative and historical criticism» eller «historical narrative criticism» (2014, s. 23). Eg har lagt innsats å identifisere og klårgjere fordomar, som det heiter i hermeneutikken, både mine eigne og fordomar frå teksta si verknadshistorie i kyrkja og i forskingstradisjonen. Å lese teksta såleis, med innspel frå andre vitskapsfelt, har gjeve interessante funn. Først og fremst får det Simon Peter til å framstå meir positivt enn han tradisjonelt er blitt framstilt.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectJohannesevangelieten_US
dc.subjectSimon Peteren_US
dc.subjectlitterær fortolkningen_US
dc.titleEi forteljing om ein fisketur og den læresveinen som hadde Jesus kjær : eit forsøk på ei maksimalistisk-realistisk lesing av Joh 21:1–15 i lys av mellom anna geografi, fysikk, biologi, historie og arkeologien_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber96en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record