• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • View Item
  •   Home
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
  • Masteravhandlinger / Master theses
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Ei forteljing om ein fisketur og den læresveinen som hadde Jesus kjær : eit forsøk på ei maksimalistisk-realistisk lesing av Joh 21:1–15 i lys av mellom anna geografi, fysikk, biologi, historie og arkeologi

Straume, Ingvald
Master thesis
Thumbnail
View/Open
9009_Straume, Ingvald.pdf (7.887Mb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2734681
Date
2020
Metadata
Show full item record
Collections
  • Masteravhandlinger / Master theses [1071]
Abstract
Dette er eit litteraturstudium over Joh 21:1–15, der eg i første omgang les teksta bokstaveleg, som ei realistisk forteljing om ein fisketur. I neste omgang ser eg etter om det kan vere element i forteljinga som kan eller bør tolkast symbolsk. Eg undersøker om denne lesemåten er nyttig for å forstå Simon Peter som karakter.

Etter ei innleiande drøfting, i kapittel 2, der eg klårgjer grunnlaget for gjennomgangen av sjølve teksta, går eg laus på teksta, så å seie vers for vers, i eksegetisk form, i kapittel 3.

Tilnærminga er dels tekstsentrert, og dels lesarsentrert i det eg spør etter korleis teksta opphave-leg kan ha blitt tolka. Eg har granska ord og uttrykk i den greske grunnteksta (mGNT) for å kome nærare meiningar som vi kan tru at dei første lesarane har oppfatta. Eg støttar meg på og går i dialog med nokre fagfolk som har studert Johannesevangeliet og karakteren Simon Peter, i det eg også inkluderer perspektiv frå forskarar som har undersøkt tilhøve utanom det reint litterære, som kan kaste lys over Joh 21:1–15 forstått som ei røyndomsforteljing. Sentrale her er Mendel Nun (1918 – 2010), som har skrive om fiske og fiskemetodar, og John S. Kloppen-borg som har skrive om handel, økonomi, politikk og samfunnstilhøve, i Galilea i det første hundreåret. Forsøksvis nyttar eg same metode som Cornelis Bennema kallar «A combination of narrative and historical criticism» eller «historical narrative criticism» (2014, s. 23). Eg har lagt innsats å identifisere og klårgjere fordomar, som det heiter i hermeneutikken, både mine eigne og fordomar frå teksta si verknadshistorie i kyrkja og i forskingstradisjonen.

Å lese teksta såleis, med innspel frå andre vitskapsfelt, har gjeve interessante funn. Først og fremst får det Simon Peter til å framstå meir positivt enn han tradisjonelt er blitt framstilt.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit