Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJerald, Ivar Joakim
dc.date.accessioned2020-10-15T13:47:21Z
dc.date.available2020-10-15T13:47:21Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2683153
dc.description.abstractInnleiingsvis formulerer eg denne overordna problemstillinga: Kva omhandlar Draumkvedet sett frå eit teologisk synspunkt? Deretter formulerer eg fire underordna problemstillingar: 1) Kva er teologi, nærmare bestemt systematisk og topisk teologi, og korleis kan eg sjå på Draumkvedet frå desse innfallsvinklane? 2) Kva for eit draumkvede bør eg analysere? 3) Kva kan litteratur- og kulturhistoria fortelje om Draumkvedet? 4) Kva særmerker Draumkvedet med omsyn til dei teologiske temaa eskatologi og teologisk epistemologi? Den faglege tilnærmingsmåten er teologisk, det vil seie at han bygger på teologien, nærmare bestemt den systematiske teologien. Den teoretiske tilnærmingsmåten, derimot, er topisk, noko som tyder at han er tufta på den topiske teologien. Dessutan er den såkalla analysemetoden hermeneutisk, det vil seie at han bygger på hermeneutikken, nærmare bestemt den teologiske hermeneutikken. Konklusjonen av drøftingane må bli at Draumkvedet framstiller det som om menneskelivet er hovudsakleg eskatologisk, det vil seie vendt mot dei siste ting, særleg dommen. Likevel er utfallet av dommen lagt i Guds hender. Rettnok går det for seg ein kamp mellom gode og vonde makter, men det er tydelegvis ingen stor fare for fortaping. Dette universet tilhøyrer derfor Gud ifølgje Draumkvedet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectDraumkvedeten_US
dc.subjectteologien_US
dc.titleOlavs openberring : ein teologisk analyse av Draumkvedeten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber104en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel