Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKaldhol, Anders Emil
dc.date.accessioned2020-09-11T08:25:36Z
dc.date.available2020-09-11T08:25:36Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2677345
dc.description.abstractKva er eigentleg tillit? Tillit er eit komplekst og breitt omgrep, som vert nytta av mange i daglegtalen. Denne oppgåva ynskjer å utforske tillitsomgrepet, og undersøke korleis eit utval lærarar i vidaregåande skule ser på tillit. For å undersøke dette har eg nytta kvalitativ metode i form av fokusgruppeintervju, med seks lærarar ved den same vidaregåande skulen som informantar. Materialet frå intervjuet er kategorisert og analysert. Eg valde fire kategoriar som tek utgangspunkt i ulike balansegangar ein lærar opplever, der læraren må vurdere kvar grensene går. For å drøfte funna frå analysen har eg i hovudsak nytta teori frå Knud Løgstrup, Anthony Giddens, Aslaug Kristiansen og Harald Grimen. Desse representerer ulike vitskapstradisjonar som bidreg med ulike og nyttige perspektiv i drøftinga. Eit av funna i studien er at informantane uttrykker ein tillitsvariant som er ein kombinasjon av Løgstrup sin spontane tillit og Giddens sin atterhaldne tillit. Dette får konsekvensar for korleis lærarane vurderer tillit i skulen. Informantane uttrykker at tillit dreier seg om å ha omsorg i relasjonar, og den faglege tilliten vert berre nemnt indirekte når informantane opplever den trua. Fleire av dei tek til orde for at dette er ei endring i lærarrolla på vidaregåande skule, med mindre fokus på fag og meir sosialpedagogisk arbeid. Informantane skapar konturane av ei ny lærarrolle der læraren ikkje lenger vert sett på som ein fagleg autoritet, men som ein sosialpedagogisk omsorgsperson som er meir lik lærarrolla i grunnskulen. Lærarane byggjer tillit gjennom om å vere tilgjengelege for elevane utanom undervisning, i samtalar på gangen og tekstmeldingar til alle tider på døgnet. Eg argumenterer for at tillitspraksisane i ei ny lærarrolle, til dømes på kor tilgjengeleg ein skal vere for eleven, er usnakka profesjonsetikk.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjecttilliten_US
dc.subjectlærereen_US
dc.subjectvideregående skoleren_US
dc.titleMellom spontan og atterhalden : ein kvalitativ studie av eit utval lærarar sitt syn på tillit i vidaregåande opplæringen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.source.pagenumber93en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel