Show simple item record

dc.contributor.authorDybdal, Marte Martilla
dc.date.accessioned2017-12-18T12:47:00Z
dc.date.available2017-12-18T12:47:00Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2472508
dc.description.abstractProblemstillinga i denne oppgåva er: Korleis kan Cavanaugh og Hagman si forståing av Nattverdens økonomi bidra til å utdjupe og utfordre visjonen økologisk økonomi kan gje for eit meir berekraftig og rettferdig samfunn? For å svare på problemstillinga har eg henta teori frå økologisk økonomi og politisk postsekulær teologi. Oppgåva er skrevet innanfor rammene for diakonivitskapen. Fokuset er særskild på forsking som er relevant for vern om skaparverket og kamp for rettferd. Desse er sentrale dimensjonar innanfor kyrkjas diakonale oppdrag. Dei faglege perspektiva er i hovudsak henta frå den delen av diakonivitskapen som famnar om systematisk-teologiske problemstillingar. Metodisk er denne oppgåva å rekne som ei litteraturstudium. Hermeneutiske refleksjonar og tekstanalyse er anvendt for å behandle teorien. I hovudsak handlar oppgåva om å syne korleis ein teori innan samfunnsøkonomi (økologisk økonomi) og ei retning innan postsekulær politisk teologi (nattverdens økonomi) utfyller og utdjupar kvarandre. For å setje rammer rundt den hermeneutiske tolkinga av tekstmaterialet, er drøftinga styrt av tre teoretiske rammeverk. Dei to posisjonane drøftast opp mot kvarandre innanfor dette teoretiske rammeverket. Det fyrste teoriperspektivet er henta frå Michel de Certeau (1925-1986) og han si forståing av strategi og taktikk som framgangsmåtar for sosialendring. Det andre er henta frå teoriar om ulike menneskesyn. Det tredje er henta frå så-kalla utopisk tenking. Oppgåvas omfang og avgrensa litteratur gjer det ikkje mogleg å gje absolutte konklusjonar. Nokre konkluderande merknadar, basert på drøftinga innanfor det teoretiske rammeverket, er likevel inkludert i oppgåva. Fokuset ligg på nattverdens økonomi sitt bidrag inn i økologisk økonomi. Dette bidraget handlar om ein supplerande framgangsmåte for sosialendring og eit meir nyansert og menneskeleg menneskesyn. I tillegg kan samspelet mellom økologisk økonomi og nattverdens økonomi dra nytte av å vere utopiske på ulike måtar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectDiakoninb_NO
dc.subjectøkologinb_NO
dc.subjectCavanaugh, Williamnb_NO
dc.subjectHagman, Patriknb_NO
dc.subjectpolitisk teologinb_NO
dc.titleBerekraft og rettferd : ein diskusjon av korleis William Cavanaugh og Patrik Hagmans politiske teologi kan bidra til å utdjupe og utfordre økologisk økonomi sin visjon for eit rettferdig og berekraftig samfunnnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Kristendomskunnskap: 152nb_NO
dc.source.pagenumber78nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record