Show simple item record

dc.contributor.authorFrøyen, Elise
dc.date.accessioned2017-07-04T10:53:29Z
dc.date.available2017-07-04T10:53:29Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2447725
dc.description.abstractFormålet med masteroppgåva er å bidra inn i samtalen om korleis ein legg til rette trusopplæringa for barn gjennom aktivitetar som ber preg av å vere handlings- og opplevingsorienterte. Dette går inn i ein diskusjon om kva trusopplæring er og burde vere, som manifesterer seg i spennet mellom opplæring og sosialisering. Prosjektet tek utgangspunkt i eit feltarbeid gjort i ein ferieklubb i Den norske kyrkja si trusopplæring. Dette er gjort i samarbeid med to andre forskarar innanfor forskingsprosjektet ”Bibelen i trusopplæringa” (BiT), noko som innebær ein intersubjektivitet i datamaterialet. Oppgåva relaterer seg til kyrkjedidaktikken og har som mål å kunne bidra til utvikling på feltet. Det teoretiske grunnlaget er fundert i teori om læring som sosial praksis og som situert, gjeremålslæring, barnehagepedagogikk og didaktikk, kyrkjedidaktikk for trusopplæring, og religionsdidaktiske perspektiv på livstolking. Ein del av teoriane er overlappande og kan reknast innanfor deltakingsmetaforen i det læringsteoretiske landskapet (Sfard. 1998). Problemstillinga er: Korleis tilrettelegg ein for opplæring i den kristne tru gjennom opplevings- og handlingsorienterte aktivitetar i ein ferieklubb i Den norske kyrkja si trusopplæring? To forskingsspørsmål bidrar til å konkretisere problemstillinga, der første fokuserer på indre samanhenger mellom aktivitet, plan og heilskap i ferieklubben, medan det andre etterspør korleis ein tilrettelegging for læring og fokuserer på om aspekta i trusopplæringa sitt innhald kjem til syne gjennom aktivitetane. Avhandlinga er ein kvalitativ, empirisk feltstudie av aktivitetar som trusopplæring, der deltakande observasjon er nytta som hovudmetode. Metoden sin funksjon er å bidra til ein betre forståing av aktivitet som trusopplæring og moglegheit for ein kritisk diskusjon i drøftinga. Eg har nytta ein abduktiv forskingsstrategi, med eit induktivt utgangspunkt i feltarbeid og for analysen. Utvalet er avgrensa til ferieklubben, men fokus på fire aktivitetar i tiltaket. Materialet for å analyse av desse består av to intervju med leiarar i ferieklubben, observasjon av leiarmøtet og aktivitetar og ein dokumentanalyse av lokal trusopplæringsplan. Analysen viser mellom anna at relasjonar, tryggleik, meistring og oppleving syntes å vere viktige aspekt ved læringa i ferieklubben. Men det var vanskeleg å sjå samanheng mellom aktivitet og mål for tiltaket. Ut i frå analysen drøftar masteroppgåva kor vidt aktivitetane kan forstås som ein kristen læringsaktivitet, eller om dei fungerer som allmenn sosialisering i trygge rom.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjecttrosopplæringnb_NO
dc.subjectklatringnb_NO
dc.subjectaktiviteternb_NO
dc.titleKlatring som trusopplæring? Ein empirisk studie av aktivitetar i ein ferieklubb i trusopplæringanb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Andre pedagogiske fag: 289nb_NO
dc.source.pagenumber72nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record