Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFolkestad, Tonje
dc.date.accessioned2024-03-07T13:37:44Z
dc.date.available2024-03-07T13:37:44Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3121444
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er ei oppgåve i systematisk teologi der eg ønsker å sjå på pilegrimsvandring som praksis i møte med menneske med negative klimakjensler. Eg beveger meg på ein måte i eit nytt fagfelt, der ulike fagdisiplinar møtast. Metoden som blir brukt i denne masteroppgåva er hermeneutisk tekstanalyse. Eg tolkar tekst for å kaste lys over problemstillinga, og relevant litteratur vil belyse denne frå fleire sider; frå eit økoteologisk perspektiv, eit psykologisk perspektiv og eit perspektiv frå pilegrimsteologien. Eg har valt ut nyare litteratur, då dei fagfelta eg beveger meg i er i stadig utvikling. Teorikapittelet er delt inn i tre delar: Eitt underkapittel for kvar fagdisiplin der eg presenterer nokre teoretiske perspektiv frå kvar av dei tre disiplinane økoteologi, pilegrimsteologi og klimapsykologi. I analysen bygger eg ut teorien, og viser til relevant forsking på pilegrimsvandring og mental helse, samt forsking innanfor klimapsykologien. Eg har valt meg ut to forskingsprosjekt på pilegrimsvandring gjennomført i Noreg. Resultata av begge studiane er at pilegrimsvandring har positiv innverknad på vår mentale helse. Forskinga viser at det er særleg fellesskap med andre og det å opphalde seg i naturen som gjev utslag. Forskinga eg dreg fram i klimapsykologien er gjort i land som ligg nær Noreg på FNs lukkeindeks, samt ein studie frå Noreg. Her har forskarane sett på korleis klimaendringane påverkar psyken vår. Fleire av forskingsrapportane har liknande resultat som vi finn i pilegrimsforskinga: Oppleving av fellesskap og aktivisme slår positivt ut og minskar opplevinga av negative klimakjensler. Mitt fokus er pilegrimsvandring som praksis, og eg konkluderer med at det å gå pilegrim er ei handling som vil opplevast meiningsfull for menneske med negative klimakjensler. Det gjev ei kjensle av fellesskap, og det å oppleve seg sett og anerkjent og møte kyrkja i ein relevant samanheng vil kunne gje positive ringverknader.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectpilegrimsvandringen_US
dc.subjectøkoteologien_US
dc.subjectklimaen_US
dc.titlePilegrimsvandring som praksis i møte med økosorg og andre klimakjensleren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber69en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel